tirsdag 7. februar 2017

Kart over en del usedvanlige, men stort sett uappetittlige stedsnavn i Møre og Romsdal

Stadnamn er ein levande tradisjon. Og her får du alle dei beste stadnamna på eitt brett!


På dette spesialteikna kartet (kjent frå internett!) er nemleg alle dei vanlege, kvardagslege stadnamna, som til dømes Vestnes, Ulsteinvik og Batnfjorden, fjerna. Attende står dei usedvanlege, og i mange tilfelle direkte kvalme, stadnamna som Lortholet og Skithaugen i Sunndal, Kjerringpisshammaren og Rauadasken i Nesset, og Purkeskinnet og Kattafostret i Norddal. Og flere hundre andre stadnamn du helst ikkje bør lese medan du et.


Dette er resultatet av ein manuell gjennomgang av dei mange tusen stadnamna i Sentralt Stedsnavnregister ved Statens Kartverk, Stedsnavnregisteret ved Universitetet i Bergen og Stadnamnarkivet ved Høgskolen i Volda.

Kartet er handteikna på datamaskin og utført i delikat maskinvalsa cellulosepapir på 70×85 herlege centimeter, og
kan bli ditt for berre 200 kroner!

(+ 115 kroner i porto. Vi kan òg avtale henting i Oslo, så slepp du å betale porto.)

Berre fyll ut skjemaet under om dette skulle vere av interesse.
(Eventuelt send ein epost til kvernberg at ymail dot com.)

OPPDATERING: Då er kartet faktisk utselt på nokre få timar! Men det vil bli trykt opp nye, så berre send mail for å stå på venteliste. Eg kan garantere fabelaktig kvalitet også på andre opplag!


Bestillingsskjema:
Namn
Epost *
Melding *






Så ikkje vent! Ting kartet, rydd plass på stoveveggen og finn fram sveletakka og ei stor kasse ananasbrus, for her har du timesvis med underhaldning!